Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

TEST DEG SJØLV side 59

  1. Kva er meint med «nøytral reklamasjon»?

    Nøytral reklamasjon er eit omgrep som blir brukt om å gi melding om ein mangel som kan gi grunnlag for eit nærmare spesifisert krav. Eit døme på slik reklamasjon er teke med i forbrukarkjøpslova § 27.

  2. Kor raskt må «nøytral reklamasjon» setjast fram dersom det ligg føre mangel i eit forbrukarkjøp?

    For å kunne setje fram eit eller anna krav må forbrukaren gi melding om ein mangel innan rimeleg tid frå mangelen vart eller burde vorte oppdaga. Rimeleg tid er aldri kortare enn to månader, jf. § 27.

  3. Kva for eit tidspunkt gjeld for vurderinga av ein mangel?

    Ein mangel må ha vore til stades på kjøpstidspunktet, jf. forbrukarkjøpslova § 18. Meir presist blir dette uttrykt som at mangelen må ha vore til stades da risikoen gjekk over til forbrukaren. Risikoovergang skjer normalt når forbrukaren får vara overlevert til seg, jf. § 14. Det kan vere vanskeleg å bevise at ein mangel var til stades på eit mykje tidlegare tidspunkt enn når han viser seg. For å styrkje stillinga til forbrukaren vart det bestemt at forbrukaren ikkje treng å bevise at mangelen var til stades ved risikoovergangen dersom mangelen har vist seg innan seks månader, jf. § 18(2). Denne 6-månadersregelen gjeld berre dersom noko anna ikkje kan bevisast.

  4. Kva for fristar gjeld ved reklamasjon på mangel i eit forbrukarkjøp?

    Den som vil reklamere på ein mangel, må reklamere nøytralt innan rimeleg tid i medhald av § 27(1). Samstundes gjeld ein absolutt reklamasjonsfrist på to år rekna frå overtakinga. Fristen på to år blir utvida til fem år for ein ting som er meint å vare vesentleg meir enn to år.

    I Videodommen (RT-1998-774) viste mangelen seg fire år etter kjøpet. Sidan fjernkontrollen måtte ventast å vare i minst fire år, var vilkåret om vesentleg lenger enn to år oppfylt. Den absolutte reklamasjonsfristen vart derfor sett til fem år frå overtakinga.